Mission Completed (avslutta)
Informasjon om prosjektet : "Mission Completed"
Mission Impossible – Dead Reckoning Part One, den 7. filmen i serien, blei spelt inn på forskjellige stader i verda. I Noreg blei nokre scener spela inn i bygda Hellesylt i Stranda kommune i 2022. Her blei det gjennomført fleire spektakulære hopp av Tom Cruise frå rampen opp frå Helsetkopen med motorsykkel og fallskjerm. Ein av motorsyklane frå denne scena er plassert i eit monter i Hellesylt sentrum, til glede for turistar og besøkande. Filmen blei sleppt i 2023.
I 2024 blei sykkelen avduka i samband med Hellesyltdagane. I den samanhengen fekk eg ein privat førespurnad om å lage ei teikning av «hendinga» oppe ved Helsetkopen. Resultatet av teikninga skulle trykkast på koppar og T-skjorter, som skulle seljast under Hellesyltdagane.
Nokre element skulle vere med, men utanom det var det frie tøylar. Nedafor ser du resultatet av den kreative prosessen.
Element som skulle vere med:
-
Helsetkopen
-
Fallskjerm
-
Sykkelen
-
Hellesylt i Hollywood-stil
Element som kom til:
-
Rampen/ utspringet
-
Helikopteret til Tom Cruise
-
Kikkertsikte
-
Sju-talet (film nr. 7 i serien)
-
Hellesylt kyrkje
-
Hellesylt bru med fossen i sentrum
-
«Mission Completed» med referanse til oppdraget og Mission Impossible
Bedrifta Kameleonen på Stranda fekk i oppdrag å overføre motivet /trykket på produkta som du ser nedanfor.




